Arrangement i regi av Riksantikvaren.
Riksantikvartimen: EØS-midlene og kulturarv – nye moglegheiter for samarbeid
Vi inviterer til nok ein Riksantikvartime, denne gongen med fokus på EØS-midlene og kulturarv.
I sendinga gir vi ei innføring i EØS-midlene retta mot kulturarv, og fortel om kva moglegheiter som ligg føre for norske verksemder, organisasjonar og fagmiljø i tida som kjem. Du får oversikt over korleis ordningane fungerer, kva slags prosjekt som kan få støtte, og korleis internasjonalt samarbeid kan styrkje arbeidet med kulturarven.
Vi deler òg konkrete døme på tidlegare prosjektsamarbeid, og viser korleis EØS-midlene har bidrege til verdiskaping, kompetanseutvikling og bevaring av kulturmiljø – både i Noreg og i samarbeid med europeiske partnarar.
Velkomen til ein inspirerande time!
Riksantikvartimen blir sendt som eit webinar i Teams. Du treng ikkje melde deg på eller installere noko – gå inn på (lenke kjem!) rett før kl. 9 torsdag 12. februar for å delta på arrangementet.